Jah, kvar skal eg begynne? Ok, begynnelsen...
Etter nokre dagar på sofaen i Maputo, pakka me Pajeroen ved navn Camille, tok med passet med hardt tilkjempa Multiple Entry-visum (enkelte måtte til Sverige for å fikse det) før me vendte nasen mot Sør Afrika og Krügerparken. Fantastisk opplevelse! 19 løver(!), the big five og masse mygg. Me angra litt på at me ikkje hadde med telelinse, men når du må bremse ned for ikkje å kjøre på elefantane og løvene må skygge banen for safari.bilen, fekk me fotoobjekata på tilstrekkeleg nært hald. Impalaer var det overalt. Me såg rett og slett ikkje skogen for berre impala. Til slutt såg me så mange giraffar og sebraer at me nesten vart litt lei dei og. Men det som mangla var ein skikkeleg tiger. Anne Mette hadde sett tiger før, men enno ikkje tigrar som klatrar i tre. Me såg for oss at desse kattedyra likar å ligge å dra seg i tregreinene, men det einaste me såg var apekattar. Nysgjerroge apekattar. Anne Mette fortalt om apekattar som hadde kravla inn i bilen, så me måtte passe på å halda dørene at for apekattar og mygg.
Me budde bra og et god mat. Bungalowane var utruleg søte, murhus med stråtak. Og ute eit orkester av gresshopper.
Sjølvsagt skjer det alltid eit eller anna når fire blonde jenter er på tur. Kva fire norske jenter gjer på biltur i Afrika utan mann, er eit spørsmål mange mosambikanarar har stilt seg den siste tida, og eit fullgodt svar på det har me vel eigentleg ikkje, anna enn at det ser ut til å gå bra det óg, med to jekkar og to Jerrykanner (samt ei kanne beregna på matolje som dei lokale meiner fungerer heilt fint) med bensin er me rusta mot det meste, men dette er eit kapittel for seg, som eg kjem tilbake til seinare.
I allefall, første utfordring. Me kjem fram til gaten til Krügerparken kl seks fredag kveld. Det var dårleg med lunch, og heile bilturen snakkar me om kor godt det ska bli med ein god middag. Me kjem fram til gaten og betalar inngangspengar til parken, og får vegbeskrivelse fram til hyttene. Eit probelm, dei har ikkje middagsservering, slik me først hadde blitt lova. Problem to; det er ikkje lov å kjøre på eigenhand i parken etter halv sju (det blir mørkt kl sju). Løsning; me kjører tilbake til ein restaurant rett utanfor parken og blir lova følgebil inn kl halv ni. Me sier ja til det og får fantastisk god mat, vendar tilbake til avtalt møtestad og ventar på følgebilen og vår mann Thomas. Problem tre; Thomas møter ikkje opp. Det blir seint, og ved overnattingsstaden der me ventar får me følelsen av at dei gjerne vil snede oss ut. Me reiser tilbake til gaten og krangalr med vakten. Problem fire; absolutt siste frist for å kjøre rundt i parken,sjølv med følgebil, er kl ni. Problem fem; klokka har passert ni. Og i Afrika er det mørkt. Det er så mørkt at det er ei sumarnatt du godt kan kaste bort. Men Anne Mette står på, og med hjelp frå to fulle sørafrikanarar som ikkje hadde tenkt å kaste bort sumarnatta på edruelegheit, men som hadde paengar på mobilen, vart det ringt til sjefen for lodgen og etterkvart også til Thomas. Mulig hjalp det også med blått FN-pass.... Uansett, Thomas måtte opp av senga, og fire jenter fikk gratis nattsafari inn til hyttene. Vel framme oppstod problem seks; Thomas hadde gløymt noøøkelen til porten til hyttene. Hyttene må selvfølgelig gjeres inn som beskyttelse mot løvene. Men mange problem lar seg løyse med avbitertang, så også dette.
Det endte godt og resten av (denne) turen gikk relativt problemfritt. Ja. med unntak av at skal man krysse grensa Mosambik-Sør Afrika, er det lurt å kunne portugisisk, smile pent, betale ekstragebyr fordi du ser rik/utenlandsk ut, smile pent ein gang til, la vere å irritere deg over folk som fell for fristelsen ved å legge ein ekstra pengeseddel på bordet for å få visum enda kjappare, vere prinsippfast og vente tålmodig mens nødvendige visumpapir blir fylt ut som tross utal telefonar til Sverige, flyreiser til Sverige og brev til Sverige likevel ikkje var i orden...
Vel, da legg eg ut dette brevet, før eg begynnar på neste tur. Bilder blir forhåpentlegvis også lagt ut etterkvart.
Takk for helsingar. Legg gjerne til kommentarar!!!
Eg har lagt att telefonen min i Tofo (men får den i jula) så send gjerne helsingar på mail, eller via bloggen;)
Friday, December 22, 2006
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
1 comment:
Me lurer på å ta julemiddagen ute for her er det 6 varmegrader!! Har henta juletre i dag og bestemor hadde besøk fra lærdal i går, ho har kjøpt deg ny tv som Olav ordna for ho. Alt vel her heime! God jul til dikkan i Afrika frå alle heime + onkel og bestemor! og bestemor i slidre!
Post a Comment