Måndag ettermiddag landa me i Maputo. Bagasjen ville ikkje vere med lenger enn til London. Me var slitne etter å ha vore på reisefot i eit døgn, men me vart godt mottekne av Anne Mette som henta oss på flyplassen og kjørte oss heim til leiligheiten med to bad og utsikt over det indiske hav;)
Måndag kveld var det ikkje mykje liv i oss, og tirsdag låg me rett ut ved bassengkanten med solkrem 50+. Samme kvelden tok me turen ut til flyplassen, høyrde på raske portugisiske samtaler utført av vår tolk Anne Mette, kjørde attende til leiligheiten for å hente diverse papir, kjørde tilbake til flyplassen og gjorde oss godt kjend, før me til slutt fann våre etterlengta eignelutar. Me fekk med nesten alt, med unntak av litt forbytting. Ein halv epilator i minus, og ein sokk, ein kost og litt sjokoladepapit i pluss(!).
I går tok me for oss kartet i Lonely Planet og tok ein tur rundt i byen. Me prøvde å sjå minst mulig blonde ut, og lærte oss eit par portugisiske gloser. Men likevel lyste det turist lang veg av oss. Smuglesing av Lonely Planet hjalp ikkje på. Skulle gjerne hatt litt bilder frå Maputo, men å ha med kameraet ut i gatene er ikkje trygt. Maputo er ein veldig annleis by. Her fins slum, gatebarn, afrikanske kvinner som ber tunge ting på hovudet, bilar som fungerer som buss med overfylt lasteplan, alt det som er litt "forventa" av ein afrikansk by, men plutseleg finn me eit lite kjøpesenter med vestlege klede. Mitt mellom gateseljarane dukkar det plutseleg opp ein kafè som likke hjerne kunne ha lege i Bergen.
I ettermiddag set me oss i bilen så fort Anne Mette er ferdig på jobb og suser over grensa til Krügerparken. Må gå og pakke myggsprayen og malrianettet!
Friday, December 08, 2006
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
6 comments:
Hei
Det blir sikkert mange inntrykk, godt at de har Anne Mette. Her er det grått i dag og 0 grader. Kos dikkan. Klem Mamma
hei anne synnøve helsar frå fødselsdagselskapet mitt i dag, håpar du har det bra
helsing håvard, bestemor anne og ingrid
hei!
Møtte ei som gikk/går i klassa di, men som driver med noe forskning no.Ho bur på alrek. Skulle hilse. Tror ho heter charlotte/katrine/kristine..(?) langt lysebrundt hår hvertfall.. håper du har det bra. -Berit
Mamma helsar på fødselsdagen din, skal prøve å ringe også. I allefall GRATULERER med 23 årsdagen din!! Hels reisevenene dine og Anne Mette frå oss.
Alle heime ved Mamma
Hei
Gratulerer med dagen din i dag håpar du har det bra.
beste helsing Haldor,Liv,Ingrid,Håvard og bestemor Anne!
Hallo!
Dette virker da svært spennende!! Gleder meg til å få all gossippen om hva som skjer på turen...Ikke rot deg borti noen weirdoes nå da : ) Savner deg i Bergen!
Klemser fra Kristine
Post a Comment