Eg er litt på etterskudd med bloggoppdateringar... Den siste tida har me vore på reisefot i Mosambik, og eg har ikkje hatt tilgang til nettet. Kort oppsummert har me tilbakelagt 2500 km frå Maputo i sør til Ihla de Moozambique i nord. I dag kom me heim med fly frå Nampula. Me parkerte ein svert skitten Camille (bilen, red.anm.) hjå ein venn av Anne Mette som akl flytte nedover etter nyttår. Dette var plan B, men truleg ein plan som er betre en plan A, nemleg å kjøre tur-retur. Avstanden var lengre enn me hadde rekna med, og varmen var ein påkjenning. Me har fint fordelt reisesjuka mellom oss, ei med diaré, ei med forstoppelse og ei med oppkast. Anne Mette var like heil og fin. Sjølv var eg sikker på at eg hadde malaria på onsdag, og dess meir me leste i tropemedisinboka til Marie, dess fleire symptom fekk eg. Då me i tillegg var innom det ofentlege sjukehuset i Nampula onsdag morgon, vart me dausjuke heile gjengen. Men dei fleste tegna på sjukdom gav seg så fort me kom ut døra. Alt me fekk ut av besøket var eit brett med vitaminpiller til Marie. Det var ein viss kontrast til Haukeland...
I morgon låner me ein eldre Pajero og reiser ti Tofo utanfor Inhambane og feirar jul saman med vener av Anne Mette. Der håpar eg på eit gjensyn med mobiltelefonen min Skybert, som eg la igjen der i forrige veke;) Tofo er fantastisk, flotte strender og mykje sol, lite som minnar om norsk jul. Men det er kanskje likegreit. Då blir det vanskelegare å få heimlengsel.
Me er tilbake i Maputo på tirsdag. Torsdag reiser me til Francistown og på laurdag er det bryllup! Skal prøve å oppdatere bloggen litt på tirsdag eller onsdag, slik at eg kan fortelje meir om bilturen vår. Ein kan trygt seie at me alle har fått eit nytt forhold til bensin og air condition. Dette er oppfinningar ein ikkje skal ta for gitt.
God jul og godt nytt år til alle!
4 comments:
GOD JUL!
WOW...det må jeg si... Her sitter jeg i trygge Norge og eser ut på julegrøt og kaker. Skal spise en ekstra kromkake for din skyld : )Gøy med reisesykdommer da...Hjelp! Du må ha en strålende jul Annes : )
Hei Anne Synnøve!
No har mø akkurat ete julemiddagen.
håpar du har det bra, her er det nesten ikkji snø lenger. Mø tenkjer ekstra mykje på deg i dag.
Mø ynskjer deg ei retteleg GOD JUL!
Beste helsing Haldor, Liv, Bestemor Anne, Håvard og Ingrid
Ha et godt nyttår! Returnerer snart til ibsens actionfylte bolig ;)
Post a Comment