Tuesday, January 09, 2007

Daglegliv i Maun

Dette skreiv eg i gaar, men daa slo dataen seg vrang, saa proever igjen i dag:)


Ja, endeleg fann eg vegen til internettkafeen! Skal finne ut om det gaar an
aa lagre bilete direkte fraa kameraet paa ein saakalla memory stick. Dersom
det gaa, kan det hende at det kjem nokre bilete her ettekvart...
Me tok bussen hit paa maandag. Me fekk beskjed om at den skulle gaa kl sju,
kvart over aatte gjekk den. I staden for tidtabell og faste presise
avgangar, ventar sjaafoeren i staden med aa kjoere til bussen er full, og
gjerne meir enn full. Kaebetswe sa at bussane her er ganske lik dei i Norge,
men det stemmer ikkje heilt. Men det gjekk bra, og etter ca aatte timar var
me framm i Maun. Der betalte me dobbel pris til ein fornoeyd taxisjaafoer
som kjoerte oss ut til Audi Camp der me budde i telt fram til onsdag. Maun
er full av campar for kvite rike turistar som reiser vidare paa mildt sagt
svinedyre safariar inn til Okavangodeltaet.
Onsdag morgon sat me paa med ein av dei ansatte inn til byen. Eg og Kari
Merete satt bak paa lasteplanet i ein pick up. Me holdt oss godt fast, men
holdt oss enndaa bedre fast da doera bak opna seg og sekken min var paa veg
ut...
Vel framme ved council-bygningen vart me godt mottekne. Fraa Norge hadde me
vorte advarte mot to ting. Dei som skulle ta i mot oss ville kanskje ikkje
vite at det var denne dagen me kom, og me maate vaere forberedt paa mykje
venting. Det som skjedde var at dei visst me skull komme, men ikkje at det
var akkurat denne dagen, og saa ba dei oss om aa vente litt... Me venta
heile dagen, telefonar vart tekne, ting ordna og me fekk tildelt eit
government-hus utanfor byen.
Huset er enkelt, men me har dusj, do, veggar og tak. Etterkvart fekk me ogsa
straum, og som om ikkje det var nok, fiksa dei doen for oss slik at den
ogsaa trekker ned. Ting betrar seg altsaa etterkvart, sjoelv om me var litt
motlause onsdag kveld. Huset er antakeleg den skitnaste plassen eg nokon
gong har sett! Eg er sikkert paa at fjoeset heim til ein kvar tid er
reinare. Eg vil ikkje beskrive i detalj kva eg fann oppa kjoekkenskapet og
inni hyllene. Dei som budde der foer oss hadde ikkje vore saa noeye med
korkje vask eller rydding. Meir info om kva me fann rundt om kring, kan me
dele med spesielt interesserte naar eg kjem tilbake til Norge... Uansett,
store mengder saape er innkjoept, og me ser fram til aa finne den egentlige
fargta paa veggane:)
Torsdag vart me vist rundt paa klinikkane me skal jobbe paa. I Maun er det
fire klinikkar, Maun, Sedia, Boseja og Boyia. Me jobbar paa kvar vaar
klinikk, eg er paa Boseja. Paa min klinikk er det for tida ein lege (er
vanlegvis to), tre sosilaarbeidarar og fleire sjukepleiarar. Helsesystemet
er annleis her. Pasientane bestiller ikkje time, men moeter berre opp paa
klinikken naar dei blir sjuke. Ofte ein god stund etter at dei har blitt
sjuke. Daa snakka dei fyrst med sjukepleiarane, som i motsetning til i
Norge, har anledning til aa setje i gang behandling. Dette gjeld enkle
sjukdommar som forkjoelelse (som tru det eller ei finst her og). Er det meir
alvorleg pasientane sendt vidare til lege. Fram til no har eg kun vore med
legen, saa eg veit enno ikkje saa mykje om alt det sjukepleiarane gjer, men
inntrykket er at dei har mange og varierte arbeidsoppgaver, og at jobben
deira er vel saa viktig som den legen utfoerer. Ein sjukepleiar med hoeg
ansenietet kan her tjene meir enn legen!
Inne paa legekontoret er det mange pasientar med HIV og tuberkulose (TB) TB
er svaert vanleg balant HIV pasientar, og ein av dei viktigaste
doedsaarsakane blant AIDS-pasientar. I Botswana er ca 40% av befolkningen
smitta av HIV. Dette er blant dei hoegste tala i Afrika. Sjukdommen rammar
alle, i dag var det ei lita jente paa kanskje fem aar, som fekk diagnosen.
I morgon er det ARV-dag paa klinikken. Det har me kvar tysdag, og det er
denne dagen behandling blir igangsett for nye pasientar. Sosilaarbeidarane
si viktigaste oppgaave er aa informere om sjukdommen, om medisineringen,
samt gje raad og stoette. Eg skal vaere med farmasoeyten og sjaa kva
arbeidsoppgaaver han har.
Mens me var inne og handla mat etter arbeid i dag, kom me i snakk med ein
nordmann! Det er tre nordmen som har vore busett her i mange aar. Og det er
jo supert. Daa har me folk me kan spoerje til raads. Det som staar paa
agendaen vaar no for tida, er nemleg det aa faa kjoepe eller leie bil! Me
har satt Egil Bovim paa saken, ein mann paa bensinstasjonen paa saken, tre
lokale nordmenn paa saken og sist men ikkje minst eit knippe Cubanerar paa
saken! Avstandane her i Maun er nemleg store og kollektivtrafikken er ikkje
saa mykje aa skryte av. Derfor viser det seg at bil nesten er ein
noedvendigheit for aa kunne bevege seg rundt paa ettermiddagane paa ein
nokonlubnde trygg maate. Korleis dette prosjektet gaa, faar de vite meir om
seinare :)
No maa eg stikke, men skal proeve aa oppdatere meir etterkvart:)

1 comment:

Anonymous said...

hei
Godt å høyre at det meste ordnar seg, vonar de har fått vaska. Du veit at fjøset blir høytrykkspyla ein gong for året.

Mamma