Wednesday, November 29, 2006

Fem dagar att!

På måndag reiser me. Flyet går kl 17 frå Gardermoen, så mellomlandar me i London og Johannesburg, før me er framme i Maputo kl 15 neste dag! Maputo er hovedstaden i Mozambique, og det er i Mozambique me skal vere dei tre første vekene. Me kjem til å reise saman med søskenbarnet mitt, Anne Mette, som arbeidar for WFP (world food programme) og har budd i landet i tre år. Dette tenkjer eg er lenge nok til å vite kva plassar som er verdt eit besøk;) Dette gjeld bl.a. stadar som Krügerparken rett over grensa i Sør-Afrika (bungalowane er bestilt til neste fredag), krittkvite strender, endå ein nasjonalpark og stadar med namn eg enno ikkje kan uttale, men som eg er sikker på kling eksotisk.
Den 28. desember reiser me til Francistown i Botswana, der me er så heldige å vere invitert i bryllup! Kaebetswe som er frå Botswana, men studerer medisin med oss i Bergen, skal gifte seg.
Etter nyttår reiser me til Maun, der me skal vere stasjonert i tre månadar fram til påske. Kva som skjer i påska, er usikkert. Det me veit er at flyet går heim den 8. april.
Dette var kort om turen, men mest ein test i om eg i det heile teke klarer å bruke denne bloggen...