Tuesday, February 13, 2007

Endeleg internett!

Jah, saa var deyt denne bloggen da... Her har mykje skjedd sidan sist eg hadde nettilgang.

-me har kjoept bil, Toyota Hilux Surf
-me har kjoept to nye bilbatteri
-me har kjoept ny magisterreim
-me har kjoept slepetau
-me har sett ei hannloeve paa altfor naert hald
-me har sett ekstremt mange dyr, dei einaste me manglar er cheetaen og leoparden
-eg har blitt forkjoela
-eg har sett Okavangodeltaet fra luften og styrt flyet
-eg har laert meg cubansk-engelsk
-me har brukt alt for mykje pengar paa aa bade paa Sedia hotell, men det er verdt det naar kvikksoelvet passerar 40 C
-me har savna Norge
-me har tenkt at det gaar alt for fort til me skal tilbake til Norge
-me er tre blonde norske jenter som har havna blant 40 mannlig pilotar
-me har blitt kjent med alle skandinavar i mils omkrets, og det er faktisk ein del av dei!
-me proever aa selge bil
-me staar opp kl seks kvar morgon
-me vaskar klede for hand
-me er glade for helsevesenet me har i Norge!
-me har moett utallige pasientar med hiv



Maun er ein by som kanskje ikje er heilt det ein forbind med Afrika. Staden er sterkt prega av turistnaeringen, og skillet mellom arbeidet paa klinikken og fritida vaar, er som to ulike verdenar. Som kvit kan ein leve svaert godt her, pengane naar langt og ein kan kjoepe alt ein treng paa Spar. Blir me sjuke, er det foerste fly til Johannesburg der dei beste legane ventar. For lokabefolkningen er det annleis. Klinikkane me jobbar paa, blir berre besoekt av lokalbefolkningen. Alle expats (utlendingar) gaar paa dei private klinikkane. Ei vanleg loenn er kanskje ca 400 kroner i maaneden. Og med den loenna skal ofte svaert mange familiemedlemmar forsoergjast.
Det er dessutan ogsaa svaert segregert. Dei kvite trivest best saman dei kvite, og dei lokale best med andre lokale. Dette oppleves som rart og er stikk i strid med dei holdningane me har med oss fraa Norge. Paa fritida er me mest med skandinavar og folk fraa engelsketalande land. Ein kan fint leve i Maun utan aa ha saerleg kontakt med dei lokale. Men eit visst inntrykk av korleis ting er fatt, faar me gjennom klinikkane, paa godt og vondt.

Akkurat no er me heime hjaa ein kompis som bur hjaa ein dansk familie. Her er det mjuke sofaer, internett, flatskjermTV og mange kanalar. Kari Merete og Marie ser paa Loevenes Konge, og det har eg og lyst til.