Friday, January 19, 2007

Ein vanlig dag paa jobb

I gaar kjoerte me 300 km tur-retur til Tsau, ein av klinikkane utanfor Maun. I bilen var me fem stk, me representerte fire ulike land og tre ulike kontinent! Sjaefoeren var fraa Botswana, ein lege fra Cuba, den andre fraa Nigeria, og saa to blonde jenter fraa Norge. Foerst var det litt tvilsomt om me fekk reise, fordi me mangla bensin. Dei offentlege bilane kan nemleg kun fylle bensin paa ein bestemt stasjon, der ein ansatt maa signere foer og etter fylling. Saa kva gjer ein naar denne eine noekkelpersonen er i moete? Nei da er det beere aa vente, gjerne til freddan'n...
Etter aa ha venta nokre timar, handla paa Shoprite, tatt ein tur innom familien til sjaafoeren vaar, kunne me endeleg reise. Vel framme etter aa ha kjoert i 170 km/timen, viste det seg at dei paa klinikken ikkje hadde faatt beskjed om at me skulle komme.... 300 km og 7 tilfeldig frammoette pasientar fekk maalt blodtrykket sitt. Paa veg tilbake fekk me sjekka 3 pasientar som hadde vore ombord i ein ambulanse som hadde kraesja med eit esel... Men ingen stor skade skjedd, saa alt me gjorde var vel stort sett aa maale blodtrykket her og.
Paa ettermiddagen skulle me moete ein som hadde lova oss leige av bil, men det viste seg aa berre vare tull. Han var antakeleg ikje til aa stole paa. Men vi har ikkje slaat fra oss tanken paa bil enno. Kanskje kan ein av nordmennene her nede hjelpe oss?
Ellers gaar no dagan smatt om senn. Paa klinikken faar me sjaa ting som me neppe faar sjaa i Norge. Og utstyret er mangelfullt. Stetoskopa gaar pa rundgang, og tilgangen paa spesialistar er elendig. Paa sjukehuset her i byen, er det ingen med spesialistutdaninng, dei fins berre i Francistown og Gaborone. Ikkje eingong EKG kan ein ta her paa sjukehuset. Men roentgenutstyr har dei. Er det mistanke om tuberkulose eller annan lungesjukdom, blir det tatt roentgenbilde. Saa daa faar eg sjaa mykje rart, hjerter som er dobbelt saa store som normalt, og lunger som er halvfulle av veske eller puss! Her gaar pasientane lengre foer dei oppsoeker lege, og blant dei hiv-smitta er risikoen for enkelte sjukdommar stoerre enn blant dei med godt immunforsvar.
Paa ettermiddagane har me ikkje saa veldig lyst heim til huset vaart i Matshwane. Det ligg langt ute i bushen, omringa av esel og soeppel. I staden endar me alltid opp paa cafeen paa flyplassen, Bon Arivee. Her er det ganske hyggeleg, me har etterkvart opparbeida oss ein liten bekjentskapskrets der som bestaar av pilotar, pilotar som soeker jobb, zoologar som skal bu ute i bushen i 4 aar og forske paa villhundar, oeldrikkande nordmenn, samt ansatte og legar fra klinikkane, etc. Det er med andre ord ein samansett gjeng med mange nasjonalitetar representert, fraa Sveits til Kongo. Me har rett og slett bestemt oss for aa sjaa paa denne cafeen som vaar andre heim. Dermed er det berre naturleg at me er der svaert ofte!
No er det fredag og sekken er pakka for safari!

Wednesday, January 17, 2007

Mitt Botswanske tlf.nr: 00267 72 36 67 93. Min norske telefon nyter strandlivet i eller naer Tofo i Mosambik, saa den er det foreloebig berre aa gloeyme.
Ellers er mailadressa mi aa finn paa profilen. Hint hint:)

Maun cont.

3 bevis paa at verden er liten og at det er nordmenn over alt:

1) Kari Merete, Marie og eg er inne i ein butikk for aa kjoepe is. Der kjem me i snakk med Ernst med troenderdialekt. Han har besoek av niesa si, som er paa vaar alder. Dette er kjempegreie folk som me skal paa safari med til helgen;)

2) Vi sitter paa cafe og sonderer terenget for nye bekjentskaper. Me faar auge paa ein lys gutt som me mistenkjer for aa ogsaa vere temmeleg ny i byen. Han set seg paa nabobordet, og me byrjar aa diskutere kor han kan vere i fraa. Kanskje Soer Afrika? Me snakkar hoegt om andre folk paa cafeen, om han, og om me skal toerre aa ta kontakt eller ei. Saa kjem me plutseleg paa, tenk om han er f.eks. dansk eller svensk og skjoennar alt me seier? Selvfoelgeleg var han dansk og hadde tatt flygerutdanning i Bardufoss... Litt pinlig, men me har blitt godt kjendt med Lasse som me hoeper skal faa jobb som pilot for eit safariselskap og kanskje skaffe billig flytur inn til Okavangodeltaet:)

3) Paa jobb i dag kom det inn ei moerk same med rastafletter. Ikkje saa uvanleg det, men daa ho spurte om korleis det stod til, paa klingande austlandsk, vart det straks litt meir uvanleg. Ho hadde budd 12 aar i Norge. Og kjente selvfoelgeleg Ernst. Takket vere han, veit dei fleste i Maun at det er tre nordmenn i byen..

Ellers gaar no dagane smatt om senn. Me faar sjaa mykje paa jobben, men det er saa lite me kan gjere, saa til tider er det litt smaakjedeleg. Det er mykje venting, saa det er greit aa alltid ha med ei bok, eller laane ein PC med internett:)

Tuesday, January 09, 2007

Daglegliv i Maun

Dette skreiv eg i gaar, men daa slo dataen seg vrang, saa proever igjen i dag:)


Ja, endeleg fann eg vegen til internettkafeen! Skal finne ut om det gaar an
aa lagre bilete direkte fraa kameraet paa ein saakalla memory stick. Dersom
det gaa, kan det hende at det kjem nokre bilete her ettekvart...
Me tok bussen hit paa maandag. Me fekk beskjed om at den skulle gaa kl sju,
kvart over aatte gjekk den. I staden for tidtabell og faste presise
avgangar, ventar sjaafoeren i staden med aa kjoere til bussen er full, og
gjerne meir enn full. Kaebetswe sa at bussane her er ganske lik dei i Norge,
men det stemmer ikkje heilt. Men det gjekk bra, og etter ca aatte timar var
me framm i Maun. Der betalte me dobbel pris til ein fornoeyd taxisjaafoer
som kjoerte oss ut til Audi Camp der me budde i telt fram til onsdag. Maun
er full av campar for kvite rike turistar som reiser vidare paa mildt sagt
svinedyre safariar inn til Okavangodeltaet.
Onsdag morgon sat me paa med ein av dei ansatte inn til byen. Eg og Kari
Merete satt bak paa lasteplanet i ein pick up. Me holdt oss godt fast, men
holdt oss enndaa bedre fast da doera bak opna seg og sekken min var paa veg
ut...
Vel framme ved council-bygningen vart me godt mottekne. Fraa Norge hadde me
vorte advarte mot to ting. Dei som skulle ta i mot oss ville kanskje ikkje
vite at det var denne dagen me kom, og me maate vaere forberedt paa mykje
venting. Det som skjedde var at dei visst me skull komme, men ikkje at det
var akkurat denne dagen, og saa ba dei oss om aa vente litt... Me venta
heile dagen, telefonar vart tekne, ting ordna og me fekk tildelt eit
government-hus utanfor byen.
Huset er enkelt, men me har dusj, do, veggar og tak. Etterkvart fekk me ogsa
straum, og som om ikkje det var nok, fiksa dei doen for oss slik at den
ogsaa trekker ned. Ting betrar seg altsaa etterkvart, sjoelv om me var litt
motlause onsdag kveld. Huset er antakeleg den skitnaste plassen eg nokon
gong har sett! Eg er sikkert paa at fjoeset heim til ein kvar tid er
reinare. Eg vil ikkje beskrive i detalj kva eg fann oppa kjoekkenskapet og
inni hyllene. Dei som budde der foer oss hadde ikkje vore saa noeye med
korkje vask eller rydding. Meir info om kva me fann rundt om kring, kan me
dele med spesielt interesserte naar eg kjem tilbake til Norge... Uansett,
store mengder saape er innkjoept, og me ser fram til aa finne den egentlige
fargta paa veggane:)
Torsdag vart me vist rundt paa klinikkane me skal jobbe paa. I Maun er det
fire klinikkar, Maun, Sedia, Boseja og Boyia. Me jobbar paa kvar vaar
klinikk, eg er paa Boseja. Paa min klinikk er det for tida ein lege (er
vanlegvis to), tre sosilaarbeidarar og fleire sjukepleiarar. Helsesystemet
er annleis her. Pasientane bestiller ikkje time, men moeter berre opp paa
klinikken naar dei blir sjuke. Ofte ein god stund etter at dei har blitt
sjuke. Daa snakka dei fyrst med sjukepleiarane, som i motsetning til i
Norge, har anledning til aa setje i gang behandling. Dette gjeld enkle
sjukdommar som forkjoelelse (som tru det eller ei finst her og). Er det meir
alvorleg pasientane sendt vidare til lege. Fram til no har eg kun vore med
legen, saa eg veit enno ikkje saa mykje om alt det sjukepleiarane gjer, men
inntrykket er at dei har mange og varierte arbeidsoppgaver, og at jobben
deira er vel saa viktig som den legen utfoerer. Ein sjukepleiar med hoeg
ansenietet kan her tjene meir enn legen!
Inne paa legekontoret er det mange pasientar med HIV og tuberkulose (TB) TB
er svaert vanleg balant HIV pasientar, og ein av dei viktigaste
doedsaarsakane blant AIDS-pasientar. I Botswana er ca 40% av befolkningen
smitta av HIV. Dette er blant dei hoegste tala i Afrika. Sjukdommen rammar
alle, i dag var det ei lita jente paa kanskje fem aar, som fekk diagnosen.
I morgon er det ARV-dag paa klinikken. Det har me kvar tysdag, og det er
denne dagen behandling blir igangsett for nye pasientar. Sosilaarbeidarane
si viktigaste oppgaave er aa informere om sjukdommen, om medisineringen,
samt gje raad og stoette. Eg skal vaere med farmasoeyten og sjaa kva
arbeidsoppgaaver han har.
Mens me var inne og handla mat etter arbeid i dag, kom me i snakk med ein
nordmann! Det er tre nordmen som har vore busett her i mange aar. Og det er
jo supert. Daa har me folk me kan spoerje til raads. Det som staar paa
agendaen vaar no for tida, er nemleg det aa faa kjoepe eller leie bil! Me
har satt Egil Bovim paa saken, ein mann paa bensinstasjonen paa saken, tre
lokale nordmenn paa saken og sist men ikkje minst eit knippe Cubanerar paa
saken! Avstandane her i Maun er nemleg store og kollektivtrafikken er ikkje
saa mykje aa skryte av. Derfor viser det seg at bil nesten er ein
noedvendigheit for aa kunne bevege seg rundt paa ettermiddagane paa ein
nokonlubnde trygg maate. Korleis dette prosjektet gaa, faar de vite meir om
seinare :)
No maa eg stikke, men skal proeve aa oppdatere meir etterkvart:)