Wednesday, January 17, 2007

Maun cont.

3 bevis paa at verden er liten og at det er nordmenn over alt:

1) Kari Merete, Marie og eg er inne i ein butikk for aa kjoepe is. Der kjem me i snakk med Ernst med troenderdialekt. Han har besoek av niesa si, som er paa vaar alder. Dette er kjempegreie folk som me skal paa safari med til helgen;)

2) Vi sitter paa cafe og sonderer terenget for nye bekjentskaper. Me faar auge paa ein lys gutt som me mistenkjer for aa ogsaa vere temmeleg ny i byen. Han set seg paa nabobordet, og me byrjar aa diskutere kor han kan vere i fraa. Kanskje Soer Afrika? Me snakkar hoegt om andre folk paa cafeen, om han, og om me skal toerre aa ta kontakt eller ei. Saa kjem me plutseleg paa, tenk om han er f.eks. dansk eller svensk og skjoennar alt me seier? Selvfoelgeleg var han dansk og hadde tatt flygerutdanning i Bardufoss... Litt pinlig, men me har blitt godt kjendt med Lasse som me hoeper skal faa jobb som pilot for eit safariselskap og kanskje skaffe billig flytur inn til Okavangodeltaet:)

3) Paa jobb i dag kom det inn ei moerk same med rastafletter. Ikkje saa uvanleg det, men daa ho spurte om korleis det stod til, paa klingande austlandsk, vart det straks litt meir uvanleg. Ho hadde budd 12 aar i Norge. Og kjente selvfoelgeleg Ernst. Takket vere han, veit dei fleste i Maun at det er tre nordmenn i byen..

Ellers gaar no dagane smatt om senn. Me faar sjaa mykje paa jobben, men det er saa lite me kan gjere, saa til tider er det litt smaakjedeleg. Det er mykje venting, saa det er greit aa alltid ha med ei bok, eller laane ein PC med internett:)

No comments: