Torsdag morgon stod me opp klokka 04.30. Me rakk flyet til Johannesburg og skulle vente der paa flyet til Francistown som skulle gaa kl 13.30. Kl. 11 kom det ei dame bort til oss og sa at flyet var kansellert. Dette medfoerte ein liten svipptur innom flyplassen i Gaborone, der me skulle ta fly vidare. Men neste fly var forsinka, straumen gjekk og bagasjen vart verande att i Johannesburg... Bagasjen skulle komme med neste fly fraa Johannesburg. Me trudde me maatte reise vidare utan denen flyet vaart vart ytterlegare forsinka. Det vart ogsaa flyet fraa Johannesburg... Etterkvart var begge flya saaa forsinka at me akkurat rakk aa faa med bagasjen vidare paa noko som maa vere verdens minste rutefly. Det var mindre ein Leirin-flyet.... Og flyplassen me kom til var endaa mindre. Mindre enn Leirin...
Halv sju paa kvelden var me framme, og me vart godt mottekne av Kaebetswe (bruden) osoestrene hennar. I gaar var me i bryllupet hennar, som var ca 3 mil utanfor byen. Festen var i eit stort telt i hagen deira. Bruden hadde brudekjole fraa Norge paa dagen, og ein afrikansk dragt paa kvelden. Det var mykje musikk og dans. Kanskje opp mot 200 gjester som kom og gjekk. Kyr og hoener var slakta for anledningen.
Eg og Marie var reine papparaziefotografane, saa eg haapar eg faar lagt ut nokon av bileta etterkvart.
Ellers trudde eg at eg hadde malaria her (igjenn). Eg hadde faktisk feber! Men begge laboratoria der ein kan ta testen var stengt, og feberen gav seg kjapt, saa daa var det neppe malaria denne gangen heller:) Derimot vart me kjent med den hyggelege farmasoeyten rett ved der me bur. Ho er innflyttar fraa Soer Afrika og vil gjerne vise oss byen. Planen er at me skal feire nyttaar med henne og vennene hennar i kveld!
I morgon reiser me vidare til Maun. Det me er litt usikre paa, er om bussen gaar kl seks, eller ni om morgonen. Og om den gaar denne dagen i det heile tatt. Me trur det, men me tenkjer aa ta med ein del lesestoff, for truleg vil dette ta litt tid... Planen er at me skal begynne aa jobbe paa onsdag.
Nei no maa eg gaa og ta ein dusj. Ute regnar det og paa radioen spelar dei Roxette...
Sunday, December 31, 2006
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
2 comments:
Me ynskjer deg eit godt nytt år! ute har det faktisk snødd litt no.Håpar bussturen går bra. Helsing familien!
Hi Anne, its a pitty thta its not in english I would love to read it.
Cheers
INusso
Post a Comment