Monday, March 12, 2007

Moremi

Laurdag morgon pakka me bilen vaar og bilen til Lasse. Me fylte bilane til randen med mat, bensin, drikke og teltutstyr. Og saa reiste Kari Merete, Marie, Lasse (fraa Danmark), Brendan (fraa Canada) og Tim (fra New Zealand) til Moremi Nasjonalpark.
Turen var vellykka, me fekk testa firhjulstrekken, saag fire loever (mw har til no sett 32 loever sidan me kom til afrika), krokodiller, flodhest, sebra, ukjent antall giraffar samt ei hyene som luska utanfor teltet paa nattestid... Me jentene sov tungt gjennom hyenedramaet som utspant seg utanfor teltet vaart. Gutane, derimot, hadde vill historier aa fortelle dagen etter, om ei hyene som vat kjempestor og skummel...
Me kom heim i gaar med verdens mest skitne bil og problemar med klutsjen. Saa bilen er paa verkstad (igjenn) men forhaapentlegvis faar me han att i dag.
I dag var foerste dagen paa sjukehuset, og me vart kasta rett inn paa foedestua der me fekk sjaa
vaar foerste foedsel. Foedselen tok lang tid, og det endte med at ungen maate faa surstofftilfoersel, men alt gjekk bra til slutt. Sjukehuset er ikkje saa stort, ca 80 pasientar. Dei manglar ein del ting, deriblant ein del bedoevelsesmiddel. Derfor er det faa operasjonar som blir utfoert, men er det akutt blir det gjort likevel. Det er trist aa sjaa kor daarleg resursane blir utnytta i eit saa rikt land som Botswana eigentleg er i afrikansk maalestokk. Eit splitter nytt sjukehus er under bygging, men er truleg ikkje ferdig foer 2010. Ting tar tid og det er mangel paa fagfolk.
Saknar snoen og Ibsenagate bittelitt, men no gaar det alt for fort. Om fire veker staar eg paa Gardermoen...

3 comments:

Ida said...

Hei hei :)
Høyres ut som du får oppleve utruleg mykje spennande! Afrika er fasinerande på godt og vondt... No har vi begynt på Haraldsplass og koser oss med perkusjon og palpasjon osv. Har funne ut at vi må bytte ut strikkepinnene med stetoskop og reflekshammar på onsdagskveldene :) Gleder meg til du kjem att, vil gjerne sjå bilete! Klem

Anonymous said...

Hei, og me saknar deg, skulle gjerne ha hatt deg heime i påska. Klem mamma

Helene said...

Snø skal du lete lenge etter i Bergen, men vi har nok regn å ta av! Jeg blir nesten svimmel av å lese om alt du opplever, ser og er med på, skjønner godt at du har masse inntrykk å fordøye når du kommer hjem. Det høres utrolig spennende og fascinerende ut, min valgtermin er ikke helt i samme gata...hehe. Blir koselig å få deg tilbake, kos deg de siste ukene så ses vi over påske:) Klem