Thursday, March 08, 2007

Tida gaar for fort!

Om mindre en fem veker er me heime...

Sondag lova eg mama og papa aa sende mail mandag morgon. Det var det ikkje tid til, for da eg kom pa klinikken den dagen, vart det plutseleg bestemt at eg skulle til Okavangodeltaet. Eg maatte berre kaste beina paa nakken og springe heim og pakke snippsekken! Kvar maanad reiser nemleg klinikken ut til lodgane ute i deltaet og behandlar dei ansatte. Dette er billegare enn att dei ansatte flyr ned til Maun for aa faa legehjelp. Derfor reiste eg og Mwaly, sjukepleiar fraa Zambia ut til Stanleys camp i eit lit 12 setersfly med boksar fule av medisin. Der saag me over 30 pasientar, foer me reist vidar til Baines camp tirsdag morgon. Me vart kjoert dit i ein av safaribilane, og paa vegen saag me sebraer og giraffar som stod nermast rett foran bilen. Me visste ikkje om me vart sendt heim til Maun den dagen, men heldigvis fekk me plass ombord i eit 6 setersfly, slik at me kunne reise til Chiefs camp paa kvelden. Og eg seier heldigvis, for eg la paa meg eit par kilo i loepet av det doegnet me var paa denne campen! Aldri har eg ete saa god mat! Desert til lunch! Daa eg kom heim, sjekka eg prisen for overnatting her: 499 US dollar doegnet i lavsesongen og 900 US dollar i hoegsesongen.... Ja, du leste rett!
Men det var ein del jobb, ca 80 pasientar paa 2 doegn. Eg har blitt god paa aa maale blodtrykk!

I gaar kveld flaug me tilbake til Maun. Eg rakk saa vidt aa drikke kaffien min, foer me reiste ut for aa fly igjenn. Me har som sagt blitt kjent med pilotane her i byen, og i gaar skulle ein av dei ha opplaering i aa fly eit 8 setersfly. Det betydde at det var plass til Kari Merete, Marie og meg... Flygeopplaering betyr at du maa beherske flyet og vise at du kan kontrollere flyet sjoelv om du skrur av motoren.... Saa da gjorde me det. Og om me skulle finne paa aa gaa inn for landing, er ikkje det noko hinder for aa ta av igjenn med ein gang! I loepet av turen vart me godt kjend med Maun fra oven og opp-ned.

I dag tidleg var me paaa omvisning paa sjukehuset. Me skal vaere der heile neste veke, for aa observere. Kanskje faar me vere med paa keisersnitt og fjerning av blindtarm.
Fordi me skal paa sjukehuset, blir turen til Namibia utsett til veke 12. Planen er aa kjoere til Windhoek (hovedstaden) og vidare til Swakopmund og Walvis Bay (kysten). Der vil me proeve aa faa litt brunfarge, foer me tar turen innom sanddynene og overnattar ei natt i Windhoek. Saa no fekk de namna, mama og papa.
Kor mykje bading det blir i Namibia er heller tvilsamt. Straumane fraa Atlanterhavet er kalde, saa temperaturskilnaden mellom hav og land er store. Kalde havstraumar foere til lite regn paa vestkysten av soerleg Afrika, derav Kalaharioerkenen. Mens paa austida, i Mozambique, er det motsett. Straumane fraa det Indiske hav er varme, noko som foerer til regn, og til tider syklonar som no. Leste nettopp i avisa at byen Vilankulos som me nesoekte i desmber, er hardt ramma. 80% av byen har blitt skylt vekk! Stemmer verkeleg det, Anne Mette? Oversvoemmelse fraa Zambezielva har foert til at 200 000 menneske treng hjelp!

Veke 13 skal me vere paa klinikken att, men veke 14 er planene aa reise til Cape Town. Flyruta Maun-Cape Town blir lagt ned 5 dagar foer avreise(!), saa daa reiser me heller Maun-Jo-burg-Cape Town den 1. april. Og CapeTown-Jo-burg 8. april. Me kjem heim via London den 9.

Daa er planen klar, om me klarar aa foelgje den, gjenstaar aa sjaa. Eg er allereie metta paa intrykk, og verre skal det tydelegvis bli. Ikkje veit eg om det er ein draum, eller berre ein bivirkning av Lariamen...

Ja, og saa gloeymde eg nesten aa fortelle at me var og saag Victoriafallene i helga.. Me kjoerte opp til Kasane og besoekte Chris, ein av pilotane som er stasjoenert der. Me reiste saman med ei fransk jente, Sophie, og budde gratis hjaa venner av Chris. Me reiste opp torsdag morgon, kjoerte 600 km. Fredag drog me til Vic Falls fra Zimbabwesida. Me hadde tenkt aa kjoere gjennom Zmbia via Livingstone tilbake til Kasane, men det er dyrt aa krysse landegrenser med bil. For Sophie ville det ha blitt ekstra dyrt, sidan ho har britisk pass. For nordmenn er det gratis aa faa visum, men britar maa betale 65 US dollar... Laurdag tok me ein kjoeretur til Chibe National Park og saag absindige mengder elefantar, og paa kvelden/natten var me pa baattur paa Chobe River og saag paa maaneformoerkelse. Soendag var det 600 km tilbake til Maun.

Vel, det var det. No gidd eg ikkje skrive meir.

4 comments:

Anonymous said...

Hei
Eg blir heilt sveitt av å lese om alt du deltek i, jammen opplever de mykje! Håpar de tek mykje bilete. Vær forsiktig og ta ingen unødige riskar. Klem mama

Kristine Kolset said...

Det mest spennende som har skjedd her i det siste var at jeg falt i kantina på Haukeland og lå der og kava foran hele forsamlingen....kanskje ikke like spennende som å lære å fly da...Er det noen kjekke piloter der borte da? : )

Anonymous said...

fortsett med å skrive bloggar :)

helsing
bestemor, ingrid og håvard

Anonymous said...

Ibsens er ikke d samme uten deg! KOM HJEM SNART!!! ;)